torsdag 20. september 2012

Små draumar

Eg har mange draumar. Nokon store og fjerne. Mange små og daglegdagse. Eg drøymer om små, varme kroppar som kjem meir eller mindre forsiktig under dyna mi, alt for tidlig om morgonen. Eg drøymer om å få eit kyss frå han eg er mest glad i, før eg reiser på jobb. Eg drøymer om eit smil frå kjente eller ukjente. Eg drøymer om kvalitetstid med gode venner, å gløyme tida i eit hobbyprosjekt, å lese ei god bok. Det er viktig å ta vare på dei små draumane. Dei er dei lettaste å oppfylle. Tar eg ikkje heilt feil, kjem denne bloggen til å handle om små draumar..